Meny Lukk
Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Konsert/buskspillpub med Gjevre, Odde og Vårdal

01.09.2023 kl: 20:00 - 02.09.2023 kl: 01:00

200,-

Dørene åpner klokken 19:00. Førstemann til mølla prinsippet.

Folkemusikktrioen Gjevre, Odde & Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017 som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions. Alle tre er røynde danse- og konsertspelemenn, og har lang fartstid innanfor folkemusikken kvar for oss. Våren 2023 gikk vi i studio hjå Tor Magne Hallibakken og spelde inn plate med tradisjonell og eigenkomponert folkemusikk, «Vandring». 

Besetninga med hardingfele, toradar og akkordion er uvanleg og sjeldan å høyre. Med toradaren som det melodiførande instrumentet, akkordionet med akkordmoglegheitane og ei hardingfele som vekslar mellom det improvisatoriske og den spesifikke stemmeføringa gjer at uttrykket blir spennande og spesielt. Ettermykje konsertar, dansespelingar og mykje øving føler vi at vi er klare for å gje ut musikken og nå ut til eit bredt publikum. Repertoaret spenner seg frå tradisjonelle slåttar til nye eigenkomponerte låtar. Inge Gjevre har tradisjonen sin frå Vågå og Vang i Valdres. Han har lært slåttar av felespelarar sidan han byrja på toradar i ung alder og i seinare tid har han lært mykje av Leif Inge Schjølberg. Schjølberg har eit stort repertoar etter Skogumsbrørne frå Lalm, og Gjevre har fått lære desse og tilpassa slåttane til toradar. Ein del av dette stoffet har vi på repertoaret. Vi spelar også noko av runddansrepertoaret som finns i og rundt Vågå, og brukar improvisasjon som eit verkemiddel i dansemusikken. Dette gjer at musikken får ein fridom som i utgangspunktet ikkje er der, samtidig som det er dansbart. Vi er opptatte av å bevare det tradisjonelle melodimaterialet, men samtidig utfordre arrangementsteknikkar og utforske klangar som kan skapast ved vår instrumentsamansetjing. I tillegg til tradisjonelle slåttar, har vi eigenkomponert stoff som vi enten har laga i felles eller kvar for oss. Inge Gjevre har komponert hundrevis av slåttar på toradar og Vegar Vårdal har komponert for prosjekter og grupper i mange år. Mads Erik har komponert slåttar i tradisjonell stil i dei siste åra. Med nye komposisjonar arrangert og tilpassa for trioen, får lyttarane høyre noko nytt og spennande. Musikken formar vi felles og arrangementa blir gjort samtidig som vi lærer og spelar slåttane. Nokon av arrangementa har vi notert ned, men dei fleste er basert på improvisasjon og fridom. Dette gjer at musikken blir leken og energisk.
Alle tre i Gjevre, Odde & Vårdal har basen sin i Gudbrandsdalen og jobbar til dagleg med musikk. Inge Gjevre har foreldre fra Valdres, men er oppvokst i Vågå og busett på Lillehammer. Inge er ein av dei mestvinnande i ulike konkurransar innan folkemusikken, og trakterer både toradar og trekkspel. Han jobbar som musikkpedagog og frilans musikar. Han har bidrege på mange CD-utgjevingar og i 2011 gav han ut si fyrste soloplate med eigenkomponert musikk; «Blåhimmeldag». Oppfølgjaren «Solregn» kom ut i 2016. Mads Erik Odde er frå Garmo i Lom og er busett på Sel i Gudbrandsdalen. Han har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole, med ein mastergrad i utøving på trekkspel og praktisk-pedagogisk utdanning. Mads Erik er aktiv i andre konstellasjonar som FIRO og Lendmenn, og jobbar til dagleg som frilans musikar og som lærar i kulturskulen.
Vegar Vårdal er ein allsidig musikar og folkedansar busett i Vågå. Utdanninga har han frå Norges Musikkhøgskole, Høgskulen i Telemark og folkedansstudiet frå NTNU i Trondheim. Vegar karakteriserast som ein energisk, leiken musikar, arrangør, produsent og komponist- innanfor eit bredt spekter av genre. Han har ei mengde plateinnspelingar, konsertproduksjonar og bestillingsverk bak seg, og er elles brukt mykje som pedagog på forskjellige utdanningsinstitusjonar. Vegard Vårdal vart i 2020 krona Årets folkemusikar i Norge. Mads Erik Odde vann spelemannsprisen for si plate Logne slåttar. Samen med mange gonger norgesmeister i folkemusikk Inge Gjevre, vann «Husklugumt» Folkelarmprisen i 2020.
Trioen elskar å ta både slåttespelet og runddansen opp på konsertscena i til dels intense samspel mellom hardingfele, trekkspel og durspel. No er trioen meget spelekåte etter at konsert-Norge nærmar seg normalen. Trioen kan ha konsert, ha kurs og låte te dans.

Detaljer

Start:
01.09.2023 kl: 20:00
Slutt:
02.09.2023 kl: 01:00
Kostnad:
200,-

Arrangør

Kongsberg Trekkspillklubb

Sted

Klubbhuset
Industriveien 8
Kongsberg, 3610 Norge
+ Google-kart